torsdag 30. august 2007

Litt om fyrste veka!



Så er fyrste veka straks ved slutten. Fyrste skuledag va tysdag, ein heilt ordinær dag. Med tale ved rektor, lunsj, "undervisning" eller bli kjent og vist rundt på området klassevis. Her var både det eine og det andre. Frå badstue til klatrevegg, og brygga som ein kan dykke ved rett i nærleiken, så dette har eg fått inntrykk av at bli veldig bra. Skulen har og hytte elevane kan leige om me vil bort i frå skulen litt. Og alt verkar veldig bra.







onsdag hadde me ord for dagen, der det var snakk om korleis ein skulle forsyne seg av ein pose smågodt, eller rett og slett om uskrevne reglar. Så det var jo eigentleg interessant. Etter ord for dagen var det lunsj og dykke klassa reiste til svolvær, der eg var tredje eller fjerde gongen i løpet av denne veka. Eg kjøpte termos som var det seiste på utstyrlista som eg ikkje hadde.




Om kvelden var det sosial omgang heile skulen samla. Fyrst vart me dela inn internatvis og fekk i oppgåve å stille oss tett i tett, og seta oss på fanget til kvarandre. Deretter skulle me gå rundt i sittandestilling, det gjekk slik passe bra. Så kom den verkelege utfordringa, alle skulens elevar ( bortimot 100 stk) stillte seg i ein einaste stor ring, og skulle gjere det same. Det fungerte til ein viss grad, men så blei det ubalanse i ringen, og den velta sakte men sikkert.




Etter dette hadde me stafett, der det va å springe frå ein kant til ein annan, 10 gonger rundt ei kjegle og heim att, dette skulle skje 18 gonger. var utruleg artig å sjå på, og endå artigare då ein sjangla over halve plassen for å komme over streken.





Så var det ei ny utfordring, der ein skulle flytte 4 stolar og 7 personar frå ei side til andre sida, utan at nokon skulle vere nedi bakken. På andre sida skulle stolane settes opp som dei stod i starten. Og var det nokon som kom nedi bakken måtte ein tilbake til andre sida.



Mest latter vart det då det var tid for trangsynt fotball. då fekk 5 personar ein form for kjegle med høl i tuppen, framfor augene, også bar det i veg. Eg for min del såg ingenting og høyrde berre latteren ikring meg.




I dag, Torsdag, var det ord for dagen med rektor, alle elevane har i dag fått utdelt songbøkar, så her bli det mykje song i løpet av året. Men ingen har vel sagt at ein dør av ligg song ein gong i blandt. Tvert imot syns eg faktisk det er ganske sosialt og koseleg. Me song nokre songar på samlinga før det va info om fraver osv. også bar det i veg på internatmøte.




Me presenterte kvarandre for resten av fløyen. Fekk greie på reglar for huset og valgt brannmester og internatleiar.




Etter dette gjekk turen til Akvariet for dykkarane. Me såg på selar, oter, laks, torsk, steinbit, sjøstjerner av tusen slag, krabber osv osv. livet i sjøen her nord, kort sagt!



Når omvisninga på akvariet var ferdig, vart det kaffe og kake, vår utrulege lærar hadde vore så snill å bakt brownies til oss. Så det vart nistepakke med kaffe og kake til slutt.



Fredag, altså i morgo er det duka for tur ytterst i Lofoten, me reiser med buss til Å, der me skal bu i rorbuer på kryss og tvers av internat og klasser.




Skulen skal i grunn ha skryt slik sett, fordi me har hatt konkurranse internatvis og blitt kjent med folk på internatet på den måten.



Klassa treffer ein jo kvar dag, og blir kjent med ein annan etterkvart som dagane går. Og nå skal det gå på tvers, hulter til bulter i alt. Slik at ingen venner kan henge saman, men alle bli splitta. Syns det er eit bra tiltak i grunn, trur me bli ein veldig samansatt gjeng og at det blir eit sosialt liv her på lofoten folkehøgskule av dette :)





Eg har jo gjort andre ting utanfor skule tida denne veka og. Som De kan sjå av biletet er klargjering av utstyret allereie godt i gang. Her har eg satt inn maska med tannkrem for å forhindre dugg. Tannkremen gjer til at det bli bitte små riper i "glasset" slik at det ikkje bli dugg så fort. Gjenståande arbeid er å vaske svømmeføtter og maske med zalo for å få bort fett frå støypinga.




Også har eg skrive masse brev. Har funne ut at dersom eg i det store og heile skal rekke og skrive brev måtte det bli no, fordi det ser ut som det etterkvart bli veldig sosialt og lite tid til å sita å skrive brev framover.


Også har eg bruka tid på å henge opp plakatar.

Dette er jo berre ein veldig artig sak syns no eg! Dobørste, tannkrem og reint og klart vatn :)


































søndag 26. august 2007


Endeleg på plass

Følelsane har vore til å ta å føle på fram til laurdag då det endeleg vart innreise hit til kabelvåg. Magen har vore i ubalanse, ein stor glede som har hoppa inni meg og ein knøtt liten skeptiker.

Har gått å venta nesten eit halvt år på at eg skulle få kome hit, så det var veldig godt dagen som eg hadde venta på så lenge - endeleg var her.
Kom raskt på plass på det lille rommet mitt, her eg no har budd i snart 1 dag.
Det er veldig kaldt her, nokon har gløymt å sette på varme annlegget på Valhall internat her eg bur.

Var litt skeptisk med ei gong eg fekk rommet, men har slått meg til ro og funne ut at eg faktisk stor trives og har vore heldig med rommet.