tirsdag 26. august 2008

Tromsø

ja, er det nokon som følger med her lenger tru?

I så fall er det bare å beklage at eg i ca eit halvt års tid har gløymt å skrive noko. Kva har eg gjort?

Gjenge ferdig på folkehøgskulen i lofoten. Vore i egypt med folkehøgskulen og dykka, det var kjempe bra. Avsluttninga gikk for seg uten for mange tårer og farvell. Det heiter: Sjåast om ikkje alt for lenge. Ikkje farvell. :)

Etter at eg kom sørover har eg jobba, vore på swing camp, hatt 1 veke ferie i Lofoten også har eg endeleg kome meg nordover igjen.

No har eg begynna på avdeling for lærarutdanning, høgskulen i Tromsø. Her studerer eg allmennelærer og trivs med det. Tromsø er ein fin liten by vil eg eigentleg sei, som eg har funne meg godt tilrette i. Stor trivs allerede både i hus og på skule, så her trur eg at eg blir nokre år til.

No må eg nok legge meg, forelesning i pedagogikk kl 8.30 i morgo tidleg. Og kveldane er aaaaaaaaalt for korte her.

Skulle no eigentleg berre skrive ein kort tekst her, for dei som måtte kikke innom her. Så kjem det bilet av ting som føregjeng osv etter kvart. Berre eg fær tid til all ting. Er ikkje lett og vere student, sosial og i tillegg få ting gjort. Nå nei du.

Me prekas