onsdag 24. oktober 2007

Historia om døgnet som plutseleg får mindre enn 24 timar....

Så alt for mykje skjer for tida, og det virkar ikkje som at døgnet har 24 timar lenger. Kanskje jorda får kortare timar samstundes som klimaet endrar seg??? Kven veit?

Litt frustrera når eg skriv dette og litt forvirra. Føler at eg gjerne skulle hatt 10000 armar og bein, eller at eg skulle vore klona til to personar. Har mykje å skrive her, og mykje rart å legge ut.

Berre for å fortelje litt om det som har skjedd sidan litt før haustferien og litt etter. Eg har skrive mykje om nokre turar til ein Tind bak skulens hytte, Ørntind, det skal eg legge ut når eg får tid. Men som sagt strekker ikkje døgnet til dersom ein skal sove litt.

Hadde handtverks veke førre veke etter haustferien, eg hadde meldt meg på Heimfiske, fiske på gamalt vis, men var ikkje den heldige vinnaren av å bli trekkt ut blandt massevis av folk. Så då vart det knivlaging på meg. Det var mitt andre valg. No er kniven straks ferdig, artig å sjå at den tar form, men ufattelig kjedeleg med alt pirket som eg greier å skaffe meg, (...... som alltid).

Gjorde ferdig slira igår delvis, nå gjenstår farging og eventuelt utskjeringar og dekoreringar Kniven treng fin puss med type veldig fint 1200 pussepapir, også skal den og fargas.

Det vart og sett igang trening denne veka. Tirsdag og torsdag er det sett igang sirkeltrening, så gjer eg forsøk på å svømme onsdagar og fredagar.

Denne veka skulle me ha dykking frå båt. Men utruleg dårleg ver har ført til at me ikkje kunne ut med ”Hårek” vår fantastiske aluminiums dykkebåt.

Det er eit utruleg ver og sjøen slår mot berga, det er friskt å trø seg ein tur, og god for tankane, mykje frisk luft er godt for hjernen. Idag har me vore på moloen og sett på havet som er så UTRULEG MEKTIG. Fantastisk å sjå korleis veret kan oppføre seg!

Jive er og sett igang denne veka. Charlotte og Fredrik har øva og tilslutt vart dei klare og har vore så venlege å haldt kurs for oss. Eg syns i grunn det er litt vanskeleg, dei meina det va likt swing, men eg syns ikkje det va veldig likt. Litt andre steg og tellingar enn swing. Men moro var det.

Legg ut bilet seinare, tid til det er det ikkje nok av i døgnet.