mandag 1. desember 2008

Snart er det jul igjen, og snart er det jul igjen......

Joli nermar seg så alt for fort. Eg er allereie ferdig med fyrste veke i praksis, og har begynna på mi andre veke, der me som framtidige lærarar har "overtatt" undervisninga, i den form at læraren som er klassas kontaktperson sit bakerst i klasse å observerar medan me underviser.


Praksis gruppa mi bestend av Hans Anders, Christine og meg sjølv. Me fordeler fag, planlegg og underviser under desse vekene i praksis. Totalt skal me ha heile seks veker i praksis, tre fyri jol og tre etter jol. Andre veka er nettopp begynt.


Eg stor trivs på skulen med utfordringar, koselege stunder og mindre koselege stunder. Føler eg lærer mykje om det å vere lærer. Ikkje berre om å undervise med også fleire sider ved læraryrket. Trur, etter den praksis eg har hatt til no, at eg har valgt rektig studie. På fredag skal eg følge min mors fotspor og undervise klassa i musikk. Det trur eg blir kjempe artig, utfordrande og litt krevjande. Men spennande blir det, det er sikkert :)


Ellers har eg for augneblikket besøk av kjærasten min, for de som ikkje er oppdatera på den fronten, så er han ein fantastisk gut i frå Svolvær.

Her er me :)


Ellers er det jol og ferie om ca 2 veker. I huset med det rare i, har me hengt opp adventsstjerne og kjøpt adventsstake. I adventsstaken har me sett lilla ljos som me tenner når me er tilstades i stoga. Ellers bruka Therese tid, under vaskina denne veka, på å ommøblere litt. Det blei trivelig i stoga etter det. :)


Jolegåvene er ikkje i boks, og eg har ikkje ei gong tenkt på kva for klede eg skal ha på meg i joli. Ein tek det som det kjem, og det er eit behageleg liv ;)


har ikkje så mykje meir å skrive akkurat no, men skal prøve å kikke innom litt oftare, å oppdatere de på det eg driv med. :)