torsdag 19. mars 2009

Mars - vår - sno som smeltar?

Sit her i Tromsø, datoen er 19 mars 2009 og etter mi erfaring byrjar det på denne tida å bli bart ute, asfalten kjem fram. Hestehoven bryt fram langs fjellet og vatnet sildrar langs vegane. Det bli rett og slett VÅR.

I Tromsø er det ikkje slik per idag. Kvart år har eg funne hestehov fyri slutten av mars, tvilar på at det blir å skje i år.
Ute regner det nemlig akkurat no, medan eg ser på grusomhetane om frizel på tv.
I dag ha det vore utruleg skiftande ver, frå å vakne til tåleg bra ver, til å gå over til vind og snoføyke til deretter å gå over til mildare ver og sludd og no snogar det jammen meg.

Etter vermeldingane å døme blir det masse dårleg ver, så er berre å shoppe mat og holde seg innendørs i helga.

Ellers er eg litt skulelei, og gler meg til påskeferie, noko eg tek ei veke tidlegare for å vere med min kjære. DÅ blir det VM i skreifiske og kos.

Forresten har eg vore på ein kjempe fin fisketur med kjæresten min og vore på hytta og på lødingen. Skriv meir om det seinare.