mandag 22. september 2008

kvardagen

hei hei.

Så var det på tide å skrive litt igjen.

Dagane går og går, kvar blir de av?

På skulen har me matte, norsk og pedagogikk som vanleg. Det er både interessant og krevjande.
Eg opplev at me blir ferdig med bøker eg ikkje ei gong har opna og at eg på andre område ligg langt framfor andre igjen.

Det er vanskeleg å vere ferdig med alt. I starten tenkte eg at dette måtte bli enkelt, med berre tre fag, men det blei nok ikkje slik eg hadde førestillt meg.

Brukar mykje tid på matematikk, då eg skal ha eksamen i november. Begynnar allereie å tenke på korleis eksamen kjem til å bli. Tida går så alt for fort og eg rekk ikkje alt eg skal.
Men det er skjer då trivelege ting i kvardagen også. Bur i eit supert hus med kjempe trivelege menneske. Dette er blitt min andre familie. Stor trivs i felleskap med mine 5 andre "søsken" som de er blitt. I helgene prøvar me å finne på ting i fellesskap. Denne helga spiste me felles kveldsmat på lørdagen og spelte fantasi, etter fantasi blei det allsang med gitarspeling inntil, kjempe triveleg.

Legg ut nokre bilet når eg får gjort dei små nok til å lastes opp her :)

Foreløpig kan de sjå bilet frå dramatimane på skulen:




Ane, Jonas, Eg og Susann-kristin er gryte med spaghetti og de andre i klassa skulle gjette kva me var.




Fristelsen blei for stor og eg måtte rote litt i rekvisitane. Det var mange artige rekvisitar som de ser.


Her leikar Susann-kristin, Emma, Line og Aleksander, Ja, det gjør vi.


Dette er delar av klassa mi før drama timen tok til.

Fotograf: Tonje








Ingen kommentarer: