mandag 26. november 2007

Spekkis og opplevelsestur 10.11.07 - 14.11.07

Laurdags morgon, gjer dykke klassa seg klar til å reise på tur. Det kribla i heile kroppen, endeleg hadde dei 5 dagane i halvåret som klassa hadde venta på sååååå lenge kome.

Me pakka i båten og sette kursen ut og bort frå kabelvåg mot skrova. Om ikkje veldig langt, så bort i alle fall. Det va stille og roleg, fyrste på programmet var å kome på plass nede i salongen med dyner og puter, hengekøyer, madrasser, ligge underlag, soveposer og alt mogleg rart folk fann på å ta med.

Etter å ha gjort det stilte me oss på dekk og speida etter spekkhoggarar, og før me visste ordet av det såg me spruten i horisonten. Emilie skrik ”der, se der er de!”

Ja, sant sant! Der var dei.... Her er dei...

(Bileta mine har desverre havna i Spania, dei hadde lyst å vandre di

Etter å ha studera spekkhoggarane vel og lenge, og studera korleis dei oppførte seg i vatnet, bar turen vidare til Henningsvær. Me la til kai der og ei gruppe sette igang med middag. Det var meksikansk gryterett på menyen. Me hadde med eigen kokk ombord, Ida som forøvrig er syster til Trine-Lise. Digg å ha eiga kokke, ho sette opp menyen, gjorde innkjøpet og sette opp arbeidsgrupper.

Etter middag kom Jon og holdt foredrag for oss. Ein konge båt med ”stor” skjerm, prosjektor og surroundanlegg. Me va ein heil gjeng som hadde gløymt lommebøker og litt av kvart, så juksemakarar som me er så fekk me nokon til å koma med ein bil til henningsvær, slik at me fekk komme oss til kabelvåg å hente bikini og pengar. På programmet for kvelden stod nemleg badstu. Me fekk henta det me trengte og fekk ta badstu på hotellet i henningsvær. Så vart det kvelden og me la oss godt til rette og slokna alle mann.

Sundag morgon ringer klokka 06.30 og det er opp å ete frukost. Me skal dykke før me skal ut å leite etter spekkhoggarane. Det skulle ligge eit vrak i bukta der, vraket var merka med ei blåse, men desverre for oss var den ikkje festa godt nok, slik at sjøen greide å flytte den. Berre eit av 6 par fann vraket som vistnok skulle vere ganske stort. Eit anna par såg ei stor kveite og ein baby steinbit.

Så bar turen bort frå henningsvær og me sette kurs mot risvær eller brettesnes, kor me skulle stoppe va avhengig av været. Ganske mykje vind denne dagen, og passe store bølger. I desse bølgene var det ikkje enkelt å sjå kval. Det var heller ikkje observera noko kval tidlegare denne dagen...

Mykje skulle ordnas ombord, oppvask etter frukost, fylling av flasker etter dykket og rydding i salongen.

Det vart sein lunsj, fordi ei kokke hadde sovna av. Klokka vart vel nærmare 13.00 før det vart lunsj. Men så mykje godteri og brus som me proppa i oss på turen trur eg ingen sulta til nokon tid.

Etter lunsj fann me ut at bølgene også kunne vere ganske underhaldande. Me stillte oss framme på bauen på båten, og studerte bølgene samstundes som me speida etter kval. Det kom ei, to og tre bølger. Plutseleg kom ei stor bølge å skyllte over oss. Me lo godt, snudde oss mot sjøen for på ny å studere bølgene, og la vinden styrke oss om kinna.

Ingen spekkis idag, me la til i brettesnes.

At uflaksen spila på partiet økkøs denne dagen vanka det ingen tvil om. Det fyrste som skjedde va jo som sagt at me ikkje fant vraket som me skulle dykke på. Deretter skulle me fylle flaskene som me hadde bruka under dykket. Men så gjekk kompressoren til dundass. Børge forsøkte å få reparert den, men til økkøs store fortvilelse vart det ikkje orden på kompressoren og einaste me fekk gjort var å fridykke.

Me hadde Håreken hengande bak ferga. For dei som ikkje veit kva eg snakkar om no, er det altså snakk om dykkebåten vår. To gonger under ferda frå Henningsvær til Brettesnes sleit Hårek seg og me måtte berge han. Andre gongen kjøyrde Børge den inn til land. For store bølger gjorde at tauget ikkje va sterkt nok og rauk. Og for dei som måtte lure, var taua i tipp topp stand...

Så vart det middag. Me skulle ha Biff til middag, medan folk trudde me skulle ha hamburger. Det vanka stor tvil når kjøkkenpersonalet begynna å skrelle potet og gullerøtter, men dykkarar er lette å lure. Me (kjøkkenpersonalet) fekk folket til å tru me skulle ete potetburger, kor fristande det høyres ut veit eg ikkje...

Klappet og klart kallte me opp folket som blei glade over å få Biff med bernaise saus og peppersaus. Fekk ikkje den reaksjonen me hadde rekna med å få men likevel vart det vellukka. Til dessert hadde eg og Ida laga gele, så det vart mykje kos denne kvelden.

Når klokka nerma seg ellve gjekk Emilie, Avier, Alexander og eg ein tur i nærmiljøet for å lære å fotografere nordljos. Me såg ein rev heilt nede på brygga mot båten og rusla vidare mot mørket. Avier forklara og viste korleis nattbilet skulle tas, men det kom ikkje noko nordljos denne kvelden, så det vart ikkje noko fotografering.

Andre fridykka langs kaia. Og nokre spelte casino, black jack og andre kortspel nede i salongen. For visse personar gjekk det hardt utover lommeboka, og greide faktisk å tappe seg for 1500 kr. Da har ein god råd.

Dagen etterpå vart det sein frukost. Me åt ikkje frukost før klokka 08.00. Til skippern og Børges store fortvilelse var jo toaletta gått tette... Og for å sei det mildt va det eit helvetes slit i minimum 2 timar, før toaletta var åpna, men sluka var framleis tette og det førte til at me tok inn til kabelvåg, for luftfylling og åpning av sluk på jente og gutte toalett.

Det vart ein to timars pause i kabelvåg. Me elevane brukte tida godt, og fekk kjøpt meir godteri, henta madrasser å sove på og nokre hadde henta dyner. Dusja og stellt oss. Nokon tok med film så me hadde kveldskino resten av dagane.

Tilbake i båten gjekk turen til skrova, det er ikkje lange biten over dit, kortaste kai unna skulen. Me låg der til neste dag. Til Marius og Eriks store fortvilelese var me på skrova litt over halv åtte og butikken stengte kl 19.30. Dei venta på ferga, i håp om å få kaupt snus der, men ikkje der heller lukkas dei. Ferga hadde det travelt og måtte vidare. Vart ikkje noko snus på guttaboys denne kvelden.

Middag som vanleg når me hadde lagt til kai, idag stod det kjøttkaker og marakonistuing og potet på menyen. Etter ein god og solid middag, var det tid for film. Me såg filmen prestige før me slokna alle mann. Eller, casino gjengen sat framleis oppe... som vanleg!

Sein frukost, yes! Kl 09.00 fyrst hadde me frukost... Me skulle ut å leite etter spekkis, men overnevnte gutar måtte ha snus, dette førte til at me ikkje kunne reise frå skrova før 10.05 og når nokon skal på butikken skal fleir på butikken og det førte til at det tok lenger tid før me kom oss avstad. Og me kunne hamstre enno meir godteri... Turen gjekk ut for å leite etter spekkis. Ikkje stor variasjon i programet om dagane. Kjempe fint ver, masse sol og ganske stille hav gjorde til at håpet framleis var der. Det var observera kval utanfor Skrova kl 09.00, men for å overraske dykk såg me ingenting denne dagen heller! Vart dykk overraska?? Ikkje så veldig reknar eg med!

Når det byrja å mørkne tøffa me inn mot trollfjorden. Hadde ein Stopp utanfor storemolla – no var me leie av å ikkje sjå spekkhoggarar, så no skulle me på ørnesafari istaden. Og for å få ørna så nærme som mogleg må ein fiske fisk til ho...

Det vart nokon sei og ein torsk og ein uer. Så tøffa me inn Noregs vakraste fjord.... (etter mi meining) Der skulle me ligge til neste dag, og ut i frå veret og bedømme ville det bli nordljos til kvelden. Ein perfekt aften.

Til kai i Trollfjorden blei det laga paprikakylling til middag. Og etter det vart det avslapping i salongen...Utruleg nok!

Klokka åtte på kvelden var det på tide å få bruke lufta me hadde fylt i kabelvåg, me skulle dykke. For min del var det mitt fyrste nattdykk, va ikkje skummelt men utfordrande. Også dykka eg med vams for fyrste gong, det va utruleg tungt....(ein vams er forøvrig ein heildress som held ein varm under drakta)

Med eit senkar Børge farta på båten, ”det e jammen is!” og ja sant som sagt, me høyrde isen knakk rundt båten, men det va berre eit tynt lag...

Straks dykket var over gjekk Tinde, Emilie og eg på tur med tre spanjolar for å finne nordljos og ta bilet av. Me fann det, og det vart ein fantastisk kveld!


På veg ned frå Trollfjordvatnet måtte me over ein bekk eller ei elv, veit ikkje kva eg skal kalle det i og med at det va is der. Men i alle fall greide eg, så fjellvant som eg er å plumpe. Skoa fulle av vatn gjekk me tre jentene ned til båten og kom oss i køyene. Dagen etter skulle me heim. Alle var enige om å starte tidlegare denne dagen, sidan me hadde gått glipp av spekkhoggarane dagen før og derfor kjøyrde me kl 08.00 så me kunne vere med skrova kl 09.00, på vegen traff me ørn som me forsøkte å mate, men dei va ikkje svoltene! Seinare på dagen derimot hadde me 7 ørner rundt båten på det meste. Da er det kjedelig med dårlig linse!.

Takk for ein fin tur. Det har vore masse fine opplevelsar.


skriv stadig at bilet kjem etter kvart, det gjer eg atter ei gong. problemet med denne sida er at bileta ikkje plasserar seg slik eg vil. Og eg har ikkje tid til å bruke tid på å få dei der eg vil. Akkurat denne gongen er situasjonen ein annan, fordi mine bilet ligg hjå Javier i spania har eg desverre ingen av mine bilet her. Så dersom eg ei gong skulle få mine bilet, så skal eg forsøke å legge dei ut.

Ingen kommentarer: