torsdag 13. desember 2007

Jol meg her og der!

Så nærmar jole seg med stormskritt, hjelp så raskt det gjeng. Me er allereie godt ut i Desember.... FYSJ! Eg fær dårleg tid i år au.

Tenkte å fortelje dykk litt om kva som skjer om dagane. Det skjer så alt for mykje så skrive om alt har eg ikkje tid til. Men eg skal skrive litt!

For to veker sidan åpna Lofast -den nye fastlands forbindelsen. Fire venner av meg og eg bestemte oss for å ta ein tur på hytta for å feste og ha det litt trivelig med god mat, god humør og mykje godt samvær. Det vart ein vellukka tur, med fest frå tidleg på kveld, til tidleg på morgon. Med andre ord ikkje mykje søvn, då me var nokre søtnosar som måtte på butikken og kjøpe snop og blandevatn til kvelden igjen. Medan to trøtte typer valgte å kutte ut festrøyken og heller sove litt lenger. Ingen visste når butikken åpna, så me valgte å gå dit litt før tolv - det kunne jo ikkje vere oppe så lenge vel? Og rett me hadde, eller nesten rett. Butikken stengte kl 13.o0

Borte ved butikken stod reinsdyra på jordet og beita. Liten diskusjon om det va villrein eller tamrein, men etter å ha høyrd leksa frå Finnmarkingen Margrethe Samuelsen skjønna Ravnen at det ikkje va mykje villrein her oppe ja! Så lærte man det og :)

Etter ei koseleg helg på hytta bar det Lofast tilbake, som gjorde at me fekk ca 2 timar mindre kjøyring enn på veg til hytta. Kos å kjøyre på heilt ny veg! Med så mange tunellar vart ein raskt fartsblind, godt det ikkje fanns fotoboksar der enno. Håpar ikkje det bli heller. Desverre for meg, eller oss, var det mørkt når me kjøyrde tilbake så naturen omkring vegen såg me ikkje veldig mykje til. Men det var ikkje seiste gongen eg kjøyrde den vegen.

Jada. Helga etterpå var det joleverkstad, eller faktisk førre hæg bli vel det! På laurdag laga eg jolegodteri til Guttaboys som skal vere åleine i nordnoreg utta meg i Jole. (skal sjå det ikkje bli jul :P hehe) og på sundag henta eg tolmodet mitt fram og tok til å støype ljos, på det gamle viset.

Så er me kome til denne veka me er i no. Det har vore valfag som eg forøvrig har hatt i 3 veker no, eg valgte foto og har drive med analog fotografering i svart kvitt, for deretter å framkallt nokre bilet i mørkerom. For min del vart dette litt kjedeleg og litt mykje mørk. Når det er mørkt nesten heile dagane så bli det ekstra slitsomt å stå i eit heilt svart rom utan nokon vindauge eller nokon ting ein heil dag, ikkje heilt min greie!
Men moro va det no i starten.
Dette har foregått på tysdagar og onsdagar. På torsdagar og fredagar har me desse tre vekene hatt linjefag, som vil sei at me har jobba med båtfører prøva, som me skal ha avsluttande prøve på imorgo den dag faktisk. Måndagar er som vanleg kjedelege dagar, men OFD (ord for dagen), ukestart, vask og 1 time linje fag.

Denne veka ja, har vore heilt normal fram til idag. Det er 13. desember og for dei som ikkje veit kva det vil sei så er det Santa Lucia sin dag. Legg ikkje fram heile historia, det fær du finne ut sjølv. Men eg vakna på ein særdeles koseleg måte idag. Fantastisk faktisk. I går rett før eg la meg tenkte eg at det var 13. desember - Lucia i morgo, stoppa opp litt - såg på senga som var full av klær som hadde lugge på stolen og tenkte med meg sjølv. Imorgo må eg rydde dette ekstremt rotete rommet, og kasta alle klærne i ein fin gedigen haug på golvet. Der låg den godt og trygt til neste dag!

Idag klokka 06.00 låser nokon opp døra mi! Eg snur meg rundt i senga, famler meg fram til ein lysbryter, tenker stillt inni meg. Pia, vaskekjærring, forsove meg???? NEEEEEEEEI. Plutseleg gjeng døra forsiktig opp........ "svart senker natten seg, i stall og stue. Sola har gått sin vei.... osv osv!" Eit par personar av typen lærarar stillte seg ved senga og servera varm gløgg med nøtter og rosiner i, også varme lussekattar. For ein overraskelse og hyggeleg ting å gjera. Frå meg av begeistring og glede spratt eg opp av senga, fomla etter kamera og ut på gangen og tok bilet. Sidan eg var fyrste mann på mitt internat fekk eg sjå mange andre reaksjonar. Dette har vore den desidert koselegaste dagen på skulen hittil, og lærarane og andreårs elevane får all æra for den fine dagen.

Som følger av læraranes inspeksjons runde fekk alle 3 kvarter til å gå tilbake til internata sine og rydde romma sine ettersom det skal vere storvask imorgo og internata bli teken med i det. Ypperlig for meg som hadde pynta pepperkaker igår og sølt melis på pulten og over alt. stor kles haug på golvet og pepperkake smuler både her og der. Midt i blinken.
Etter det hadde me båtfører repetisjon og så har eg lensa båt.

Desverre for meg er den bensindrevne lense pumpa gått i stykker og det vil sei at ein pumpar masse liter vatn for hand. Tungt! Pumpa to timar igår og to timar idag. Det er stiv kuling utanfor dørene, eller liten storm og er meldt sterkare opp til storm i løpet av dagane.

No må eg ta kvelden snart, å hjelp kor mykje dette vart.

Forresten må eg fortelje for dei som ikkje veit at pappegøya "Gøye" som eg observera her utanfor internatet for ei tid tilbake no er fanga og tilbake til eigarane sine, etter 7 månadar ute i det fri. "Pappi" som var "Gøyes" kamerat meiner folk er død i og med at den ikkje er observera over lengre tid. Begge pappegøyene hadde heim i svolvær medan eigaren ville vere anonym. Så da seier eg god natt og takk for idag.

God Jol og Godt Nyttår.

Lykke til inn i 2008.

Ingen kommentarer: