onsdag 26. september 2007

Sopptur

Jada, så var det sopp tur. På laurdag kunne eg hatt min fyrste fridag, men kva skal ein med fri dagar så tidleg på året, det er vel betre å ha litt fri seint på året. Og kven veit, det kan bli aktivitetar som er mykje kjedelegare og mindre koslege enn sopptur.


Dagen begynte med sopp foredrag i storsalen, Jon hadde mykje å sei om dei som ein kunne ete og dei ein ikkje kunne ete. Og kunne fortelje oss at det var piggsopp, kantarell og skrubb me skulel på jakt etter. Ettersom det er slutten av september begynnar det å bli litt seint for sopp, så han kunne ikkje garantere at me kunne finne alt.
Her på steinen viser han soppen min som er makk ete gjennom heile og berre er klar for søppela, grei start på soppturen min :) (Trudde eg hadde funne masse god piggsopp, FEIL)


Me var ikkje veldig mange på tur, akkurat passe slik ca 13 stk. Heile turen i seg sjølv starta i grunn veldig bra. Er det der eller der me skal gå? Spør Jon, som eigentleg skal vere den som guidar oss til eit bra sopp område. Etter at me hadde stoppa på ein topp ser han litt langt i det fjerne, ligg høgare oppe, det er jo toppen vi skal på, ikke rart vi ikke finner no.





Etter mykje slit og krabbing opp liene kom me til toppen, men det var heller lite sopp i posane/kurvane. Einaste som fann brukande sopp var faktisk Sigge, Astrid og Eg av elevane. Også fann jo læraren litt.
Astrid fant forøvrig den største piggsoppen som Jon nokon gong hadde sett. Eg har heller aldri sett på maken til stor piggsopp, så det var artig.

..her ser dykk sigge med den vanvittige Piggsoppen. Og folk, det er ein piggsopp. Ikkje to.



Her kan De sjå nærare på den fine soppen, om ein samanliknar med hendane til Sigge så er den temmeleg stor og det største eg har sett nokon gong.


Jon holdt eit lite foredrag på kjøkkenet om kva for delar av soppen ein skulle ta vare på. Han kutta soppen på kryss og tvers, og der det såg ut som det kunne vere mark var lik søppel, det på soppane som ikkje var mark på putta me i ei panne og tilbredte.

Her ser du sopp gjengen i full sving med rensing/sortering av sopp.


Grunnen til at me la soppen på avisene var for å trekke ut noko av fuktigheten soppen hadde.
Me fann kun Piggsopp og Skrubb, piggsoppen er i grunn veldig tørr i forhold til skrubben som ein kan presse veske ut av.

Men når me la soppen i panna på svak varme viste det seg at piggsoppen og hadde veldig mykje vatn i seg. Me tok av litt av denne soppkrafta og laga saus. Resten av krafta lot me trekke inn igjen i soppen.

Når krafta hadde trekkt inn tilsette me smør, salt og pepper på soppen, og smakte på piggsopp med piggsopp saus inntil.

Eg lærte noko nytt denne dagen, det var at Rødskrubben som veldig mange et, er giftig med mindre den har vore steikt i minst 20 minutter.

Så for dei som ikkje visste dette så veit De det
no.

Dette var soppen ein berre kunne kaste, men De ser i alle fall, Piggsopp og Raudskrubb på dette biletet.

torsdag 20. september 2007

Den fantastiske seglturen.




Som sagt reiste me ut i liten kuling, mykje vind og bølger i tillegg til regn. Læraren som for øvrig heiter Odd Arne, spurde meg om varmedressen eg hadde på meg va flyteplagg og om det va vasstett. Eg forklara at eg ikkje visste om den va vasstett, men det skulle jo ikkje ta lang tid å finne ut i dette veret. Og me hadde ikkje kome halvegs før eg var våt..... LÆREPENGE....


Me segla i eit par, tre timar, før me va framme i ei fin bukt der me rodde i land og sette opp telt. Eit telt med plass til 10 pers. og eit som det skulle vere plass til 5. Eg skulle få æra og sette opp 5 manns teltet som eg aldri hadde vore med å sett opp før. Etter mykje om og men og eit par gloser frå både Odd Arne og meg, og mange gode latterar etterkvart stod teltet tilslutt oppe. Så va det å finne passande plass. Me sette det opp eine etter den andre plassen, men uansett kvar va det ein kul her og der. Ikkje enkelt å seta opp telt skal eg fortelje dykk.




Etter så mykje styr med eit dumt telt (som for øvrig, var for komplisert for telemark og klatringfolket, at dykke klassen/ lofoten klassa måtte overta det) var eg den heldige å få plass i det teltet.

Det vart eit godt måltid med pasta og fisk. Før me etterkvart skulle ta kvelden, til ei stor overrasking for oss kom det så å sei tamme revar på besøk. Eg vart ikkje veldig begeistra då dei ikkje virka skye i det heile teke. Men men, hoppa i pøsen og sov godt til neste dag.


Det va kaldt neste morgon, me kledde oss og steig ut av teltet. Hadde eigentleg hatt ei god natt i motsetning til dei som sov i 10 manns-teltet.

Det var kvite toppar på fjella og sola skein vakkert ute. Ein fantastisk dag tenkte eg, det vart servera deilig frukost, også kalla arme ridderar. NYYYYYYDELIG.
Eg vart mett i alle fall, etter sikkert 6 brødskiver :)





Så bar det ut på ein segl tur som skulle vare ein 3-4 timar men som viste seg å vare i alle fall 6 - 7 timar, det vart veldig kaldt etterkvart og eg hadde ikkje med meg varmedressen, den hang jo til tørk i ei furu på øya. Me kosa oss på tur tross kulden, nøtter, sure skrikarungar, seigmenn og blomkolsuppe var menyen :)




Når me ikkje åt, fiska me eller speida etter ørn, kanskje låg ein berre avslappa i båten og såg skyene leike på himmelen, eller speida utover det blanke hav og den fine naturen...











Odd Arne presentera at Dykkelina ifjord hadde greit 2,5 knop når dei rodde, så her skulle rekorden slås.

















Men før ein i det store og heile kunne ro måtte staute Erik trå til eit tak og pumpe vatn ut av båten, i og med veldig mykje regn dagen før var dette naudsynt før ein kunne ro.















Eg har fått følelesen av at klassa har veldig konkurranse instinkt, og det varte ikkje lenge før me plutseleg hadde konkurranse om størts og mest fisk. Dette er då særskilt mellom Ola og Stein som er to bestekameratar, som av og til kan minne meg om to brør. Koseleg i grunn.




I denne "konkurransen" om størst fisk vann Ola (på biletet)














Etter seglturen laga me bål og hadde det trivleg med god mat og leikar rundt bålet. I dag var det og (som ein overraskelse) fisk på menyen. Kanskje ikkje heilt heldig for dei som ikkje likar fisk, men det var veldig godt..... Ris og fiske gryte. enkelt og greit. Ein treng ikkje komplisera rettar på tur. fordelinga på mat va slik denne gongen: 1000 kr på mat, 1500 på snop....Joda, kunne jo ikkje disponera pengane annleis. føler eg har blitt 10 kg feitare i løpet av denne turen.






Me har ein del barske folk i klassa som og tok seg eit lite kveldsbad denne kvelden, og ut i frå dette ansiktsuttrykket vil eg kunne påstå at det var kaldt, og ut ifrå skriket, va det i ALLE FALL kaldt, men likevel var det faktisk fire personar som bada.

Me la oss etter ein koseleg kveld rundt teltet. Og ALLE vakna neste morgon, sjølv om det fram til me sovna, kunne høyres ut som folk skulle ta livet av kvarandre i det andre teltet.












I dag starta dagen med møte rundt bålet, der vermeldinga vart presentera. Det vart meldt om liten kuling til kvelden og stiv kuling i morgo - dette ville for oss sei at me ikkje kom oss heim på fredag ( i morgo) om me vart på teltplassen ein dag til.




Så me begynna å pakke personlege eiendelar og pakke ned telt. Etter ein lengre leksjon om kva som var etande i fjæra bar turen til Skrova, ei øy med verdens rikaste befolkning iflg. Odd Arne.














Med ein sjuk medelev (migrene og sjøsyke) vart det kun do stopp og ei enkel tomatsuppe til middag (skulle eigentleg ha bacalao) på skrova, før turen bar til Kabelvåg, skulen, dusj, kveldsmat og seng.



Alle var glade for å vere heime igjen, eg sjølv trur ikkje me hadde omkome av ei natt til ute. Men ein koseleg tur vart det uansett :)

tirsdag 18. september 2007

Segltur med fembøring

hei hei :)

I dag skal klassa ut på segltur med fembøringen til skulen. Me skulle pakke og reise etter ord for dagen.

Eg pakka til langt på natt, me skal vere borte i fire dagar, så det er ikkje mykje ein treng, men det er vanskeleg å pakke alt i plast, putte plastsekkane i ein stor søppelsekk også få søppelsekken oppi bagen, for meg var dette eit lite prosjekt.
Klokka fire i natt våkna eg av at regnet piska mot ruta, og et tenkte mitt om denne båtturen.

Til morgonen fekk me beskjed om å ikkje møte på brygga, men i klasserommet. I klasserommet vart me einige om å pakke båten klar, det er mykje som skal med på ein liten tur, fersk vatn, fiske utstyr, telt og telt til båten, mat, primus, osv osv.

Me va ferdige med å pakke i båten i stad, kl 10.30 no sit me berre å ventar på at klokka skal bli 12.00 og at veret skal roe litt. Det var liten kuling i dag til morgonen, og med 13 grønnskollingar som læraren seier, er det ikkje særleg å reise på tur i liten kuling, veret har i og for seg roa seg litt no, og eg ser fram til ein segltur.

PS: gruar meg litt for sjøen, trur nok eg bli litt sjøsjuk ja, men kven taklar vel ikkje det :)

fredag 14. september 2007

kva skjer?

Ingenting skjer no for tida. Me har fått sove lenge 1 dag sidan 28. august, og hatt skule kvar einaste dag sidan då.

Ellers har det vore litt færre på skulen denne veka, og det har gjort at klassa har vorte litt meir samansveisa. I dag har me fridykka igjen, det va bølger på omlag 1 meter, så for min del va det kanskje ikkje beste opplevelsen, då det støtt skvulpa vatn i snorkelen.

Til veka har eg ikkje mogleghet for å skrive her, så då kan eg jo før som sidan fortelje at det vert elevkveld i morgo, basseng på sundag, pakking på måndag, og segltur i fembøringen i fem dagar frå tysdag, ser fram til det. Mykje mogleg det vert ein tur til hytta i bygda, men det vil tida vise. Me er 16 som skal på tur og i hytta kan dette bli litt trangt!
Det vert i alle fall mykje styr berre for ein dag :)

Ellers er me for augneblikket ein mindre i klassa, det er kjedeleg. Håpar vedkommande vert frisk og kjem heim til me skal reise på tur med fembøringen.

Litt info om maske squeeze

Maske squeeze (undertrykk i maske)

Maske squeeze oppstår når trykket i dykkemasken er mindre enn vanntrykket. Det viser seg som blødninger i det hvite på øyet (”rødt øye”) og ved punktformete blødninger i huden under masken, og spesielt hvor huden er løst bundet til underliggende vev. Tilstanden sees i liten grad ved bruk av vanlig dykkemaske hvor man trykkutligner gjennom nesen. Lett squeeze kan oppstå hvis maskens konstruksjon tetter ved nesen, eller hvis dykkeren krampeaktig tetter nesen i svelget ved å heve den bløte gane (det gjør man vanligvis ikke da det er vanskelig å puste slik). Maske squeeze kan sees ved fridykking med svømmebriller. Slike må ikke brukes til dykking. Skulle synet etter et dykk være svekket, må dykkeren kontakte lege for videre vurdering.

det var litt info om det ja!

torsdag 6. september 2007

jaja, mysterie oppklart!

I dag har eg snakka med dykkerlege og mysteriet er altså oppklart. eg er på bedringensveg, kun litt hoven i panna, og det uvedkommende som plutseleg dukka opp i fjeset mitt viste seg å vere maskeskvis.

Så då veit dykk det!

Til min fortvilelse vil det ta 3 - 4 dykk i følge legen å finne ut korleis eg kan unngå det, men satsar på at eg greier å få det til før det!

onsdag 5. september 2007

1 tur med snorkel og maske ende slik:

Onsdag

ja, i dag hadde me fyrst dykkefysikk i dei fyrste timane av dagen, før me gjekk over til blytilpassing ute i sjøen.

alle tok på seg drakt og ABC-utstyr.

Eg for min del skulle ha på ABC-utstyr for fyrste gong, det består av maske, snorkel, svømmeføtar og votter. I tillegg hadde me idag fått hette som me ikkje hadde seist me va ute...




me prøva fyrst belte og fann ut kva antall kilo som passa til kvar og ein, deretter bar det ut på ein liten fridykker tur utan bly, og med neoprene drakter vil det sei at ein ikkje kjem seg så lett ned i vatnet ettersom draktene inneheld luft.

I alle fall som alle kan sjå har det no skjedd eit eller anna, men får vel håpe at eg tek meg litt betre ut på bilet ein annan dag. Viss ein søv litt så gjeng kanskje hevelsen ned.