søndag 2. september 2007

Tur til Å






Så har det gått enno fleire dagar sidan seist eg skreiv her. Den fyrste helg med skule er over og me skal straks ta fatt på ei ny veke – litt rart i grunn, at ein har vore oppe til 8 eller før på ei heil veke og startar rett på ei ny utan å få sove lenge ein einaste dag. Bli ikkje akkurat veldig mykje søvn her oppe, når ein stort sett kvar kveld sit oppe til 01.00.

Skulen har då vore i Å denne helga, og det har vore ei utruleg givande hæg. Eg skriv litt dag for dag....



Fredag

Det var opp litt tidlegare enn vanleg, måtte kle meg godt til turen og lage ei solid nistepakke til heile dagen. Etter frukost va det ord for dagen, der andreklasse elevane viste ein utruleg artig video om kvifor dei var på skulen dette året (delvis i alle fall) Og litt info om turen, så vart det å hente bagasje å seta seg i bussen.

Fyrste stopp va leknes, der måtte me stoppe fordi lærarane rett og slett ikkje hadde fått tak i det dei trengte til turen. (dårleg planlagt.... :P)
Etter leknes gjekk turen vidare mot Å, det tok ein times tid før me var framme ved neste stopp, og på den timen vart det tid til å sove litt, og kose seg med bollar og sjokolade. Energien va på plass då me stoppa og skulle gå opp ein bratt bakke og ned ei bratt li til Kvalvika. (Ei vik som hadde fått namnet grunna at det stadig dreiv inn daude kvalar.)



Lærarane sa det var noko bratt ned mot vika, men at opp skulle gå godt. Det va berre litt bratt.
Me tok oss god tid. Opp låg eg i lag med dei fyrste og kom relativt raskt opp og ned, bortsett frå at me på tur ned måtte gå bort i frå løypa å fotografere. Det tok si tid, så når me var nede i vika var andre på veg opp att.






Eg hadde allverdens med tid og stressa ikkje det grann. Vel nede fant eg sauer og anna å fotografere, nydelege fjell, litt veldig flott stort hav og anna natur. Tusla etter kvart ned på stranda til dei andre, fotografera som før og ante ro og ingen fare. Før nokon seier (den kvalen va jo ikkje akkurat delikat) plutseleg ser eg kvalen som eg då trudde va berg. Jada, eg er sikker på hadde eg vore der åleine hadde eg sett meg på berget og lukta dritt etterpå. For det var ikkje nokon god lukt.



Så gjekk turen til Å, der me fant fram til vår rorbu og innkvarterte oss i gruppa der. Etter dette var det tid for mat, spaghetti med kjøttdeig. Derettter gjekk turen til tørfiskmuseet., litt kjedeleg der i grunn. Men så var det eg og museum i det store og heile.


Endeleg vart det kvelden, me slappa av og gjorde lite resten av kvelden, før det vart natta.




Sovende??? eller berre slapp.....



Laurdag

Me er framleis i Å, det er framleis helg og me får framleis ikkje sove lenge. Opp klokka 8, ete frukost og møte på museet klokka 09.00, greit nok skulen starta litt seinare enn ellers, men til gjengjeld måtte me jo lage frukosten sjølv.

I dag var det fiskeværsmuseet som stod for tur. Mannen snakka og snakka og snakka og snakka. Endeleg ferdig. Så var det tid for tur klokka 11.30, det va ein tur som gjekk i veldig bratt terreng seiste biten, og eg tenkte med meg sjølv frå gårsdagens tur at dette va for slitsomt på ein laurdag. Eg og Guro i bua mi valgte å holde oss heime, og heller gå tur i nærområdet. Andreas skulle dykke i bæsjebukta. (Det hadde seg nemleg slik at avfall frå do, dusj og vask vart skylt ut på berga og rett i havet. Dette fokusera folkehøgskule elevane veldig på resten av helga) Etter kvart kom og Nicolai heim att med klissvåte sko og nokså sliten. Det var bratt.


Eg og Anja (fremst til høgre) gjekk tur ut på moloen, innom brygga og åt kake med Ingebjørg (bak høgre) og Elisabeth(bak venstre). Deretter gjekk turen heim til ei bomba rorbu, der lass med talerkar, glass og koppar stod å kallte på meg. Uff, for ein jobb. Men det var jo nokon som måtte gjere det, og programmet var tett, så det var berre å henge i (hadde tross alt slappa av heile formiddagen).

Etter endt oppvask begynte me rett på middagen, bacalao stod på menyen, og eg hadde sikkra meg med big one for fyrste gong på folkehøgskulen. Nederst på oppskrifta stod det: ”denne oppskriften holder til 6 storspisere, 10 – 12 mindre spisere og 30 – 50 vil ikke smake på nye ting – grandiosa – pyser. Hehe, den va nok retta til meg, bortsett frå at eg har smakt bacalao før.

Rakk akkurat ete ferdig og vaske talerkar før grilling ved tørrfiskmuseet kallte. Me brant bål, grilla pølser og presentera kvarandres buer for kvarandre. Enno ein presentasjon va ikkje meg imot som forskrekkende nok har blitt ganske dårleg på namn. :S


Etterkvart som det blei mørkare og mørkare ute og kaldare og kaldare vart ringen rundt bålet tettare og tettare, og det vart kjempe koseleg og sosialt. I tillegg hadde seiste presentasjons gruppe valgt å presentere seg sjølve ved at me måtte stille i rekke på 10 og 10 framfor ein person og gi vedkommande ein klem medan ein sa namnet sitt. Slik vart me godt kjent og fekk litt varme i kroppen i tillegg til at det va ein god kjakji.





Så kom regnet og me flytta innendørs, sang og gitar fungerte dårleg på berga. Dei nye
sangbøkene våre vart jo øydelagte.....

Så tok me kvelden.





(Biletet er Rektor Brynjar og elev Kine)






Sundag

I dag var det enno tidlegare opp, bussen skulle gå klokka 10 og da skulle buene vere ferdig vaska og bumedlemmane skulle pakka ferdig og sita i bussen, så frå klokka 8 hadde me ikkje meir enn tida av vegen. Alle kom seg til bussen, og rorbua vart vaska sjølv om kanskje ikkje alle deltok like aktivt. Litt surt når folk ”snik” seg unna.

Ein timesbuss tid og me stoppa på nysfjord, verdens eldste fiskevær. Og etter nok ein time i buss stoppa me på Eggum der me skulle gå ein rett og enkel tur til Unstad. Joda, dette ville jo gå supert, det va jo berre å føle fjæra eit lite stykke, men ein måtte rekne med at det var litt langt. Me ville nok brukke 3 timar med pause(r).







Me gjekk og gjekk og gjekk og gjekk.














Og klatra og klatra, og gjekk og gjekk. Det var bratt og slett, opp og ned. Masse søyle og saue drit gjorde ”føret” glatt og med søyle under skoa vart det ikkje betre når ein måtte balansere på steinar bort igjennom nokre plassar.





Type sliten her....??















Ja, det er ikkje tull. Her hadde me då omlag 15 min pause før me måtte gå til bussane.

Det var ikkje lenger i frå bussane enn at me kunne sjå dei langt inne i vika, og omlag 20 min gange, men pause va me nødt til å ha!
Endeleg frame på Unstad. Ei nydeleg strand med flotte bølger. Puff puff slo dei mot land. Tuuuuuuuuuuuuuuuuuuuuut, seier bussen.


Rektor står febrilsk å veivar med armane. Raska på raska på. Me hadde bruka 3 timar med ei knøtt lita pause. Så bar det vidare i bussen og heim hit på skulen.


(Unstad er forøvrig Lofotens Surfeparadis)




Vel framme va beskjeden at ingen fekk ete med tur klær og sko. Alle må skifte før ein får middag. Saken var biff. Eg dusja og kom meg i matsalen. Der fekk me servera kotelettar, med gooood sjokolade puding og heimlaga vaniljesaus til dessert. (det va forresten heimlaga sjokoladepuding og, og den va MEKTIG)

I kveld har me ete kake i staden for kveldsmat, slik er det kvar sundag, kaka var veldig god og med eit knekke brød på toppen er magen mett til i morgo tidleg!

Ingen kommentarer: