fredag 14. september 2007

kva skjer?

Ingenting skjer no for tida. Me har fått sove lenge 1 dag sidan 28. august, og hatt skule kvar einaste dag sidan då.

Ellers har det vore litt færre på skulen denne veka, og det har gjort at klassa har vorte litt meir samansveisa. I dag har me fridykka igjen, det va bølger på omlag 1 meter, så for min del va det kanskje ikkje beste opplevelsen, då det støtt skvulpa vatn i snorkelen.

Til veka har eg ikkje mogleghet for å skrive her, så då kan eg jo før som sidan fortelje at det vert elevkveld i morgo, basseng på sundag, pakking på måndag, og segltur i fembøringen i fem dagar frå tysdag, ser fram til det. Mykje mogleg det vert ein tur til hytta i bygda, men det vil tida vise. Me er 16 som skal på tur og i hytta kan dette bli litt trangt!
Det vert i alle fall mykje styr berre for ein dag :)

Ellers er me for augneblikket ein mindre i klassa, det er kjedeleg. Håpar vedkommande vert frisk og kjem heim til me skal reise på tur med fembøringen.

2 kommentarer:

Aina Marie sa...

hei du!

Huff, så ikke helt godt ut med den maskeskvisen. Nesten en bitte liten smulekomisk, må jeg innrømme.

Håper du er kommet godt på bedringens vei og ønsker deg en god uke videre :-)

Klemmer i fleng

Erna sa...

takk takk! det va ubehagelig i starten, men gjekk ned på ettermiddagen dagen etter, så va jo ikkje så ille i grunn. Syns det va veldig komisk, derfor eg la det ut :)