tirsdag 4. september 2007

To så å sei normale dagar.

I dag har eg ikkje stort å fortelle her inne.

Måndag

Begynna med ofd (Ord For Dagen) som vanleg, så vasking og internatmøte, deretter ukestart med foredrag om skulens historie, kjedeleg forøvrig. Også va det linje fag ein time, der me gjekk gjennom kor stor snorkel me kunne ha og litt om maska vår. Så var det fri og foredrag med ein tidlegare elev som hadde reist sverige rundt på ski, sykkel og i kajak, seinare på kvelden. Hadde eigentleg planer om å bake bollar den kvelden, men det vart det jo ikkje noko av.


Tysdag



I dag har me hatt fyrste dagen med kun linje fag, litt godt igrunn. Me begynna med litt historie og fortsatte med litt utstyr. Etter det laga kvar og ein av oss mellomline, som me er pålagte å ha når me dykkar i skulens regi. Lærte med andre ord og spleise taug som eg igrunn syns va litt artig. Etter dette va det matpause og etter matpausa va det klart for utdeling av dykkerutstyr, heile klassa virka veldig spente og ivrige etter å prøve utstyret.




Etter gjennomgang av utstyr og at alle hadde fått det dei skulle ha kunne me reise ned på brygga for å ta skulebilet. Det vart teke fleire bilet i dykkerbåten, og etter at klassefotoet var tatt fekk me hoppe i havet å fotografera litt der og. Ikkje heilt enkelt, men utruleg artig. Børge fekk det vel ikkje heilt som han ville, men artig var det likevel. Etter at me hadde fotografera ein god del i vatnet gjekk me på land og hoppa frå brygga....





For min del vart det berre eit hopp, men artig var det!

















Dusja draktene og gjekk opp for å sette saman ventilen til flaska og alt av slangar til den osv. Det tok omlag 1 time å skru i hop ein heil blekksprut og slik vart resultatet :)


















Her er litt fleire bilet:



Klassa i ein såkalla formasjon, ikkje heilt vellukka kanskje?































Klassebiletet så å sei, kan vere det ser litt annleis ut, men ikkje veldig mykje!




















Lærarane mine. Sandra som er andreårs elev og litt lærar. Og børge som er "klassestyrar"
Har inntrykk av at dei begge to er gode lærarar så langt :)




















Jentene i klassen og sandra som er fotograf.




1 kommentar:

Aina Marie sa...

Heisann du!

Så herlig og genialt med blogg! Da blir plutselig nordnorge litt nærmere! Har dessverre ikke mange tips når det gjelder bildene 8er ikke så fryktelig teknisk erfaren :-)

Nyt dagene der nord og opplev en hel del mooro!

Klemmer i fleng